HjemNyhendeReduksjon I hjelpemiddeltenesta grunna Pandemi-beredskap

Reduksjon I hjelpemiddeltenesta grunna Pandemi-beredskap

Dette er gjort for å beskytte innbyggjarane i Masfjorden mot smittespreiing av Corona-virus (covid-19);

Iverksette tiltak

  • Me vil framover konsentrere oss om reparasjonar av hjelpemiddel som er absolutt naudsynte for den det gjeld. Behov for reparasjonar kan meldast inn som vanleg til hjelpemiddeltenesta, heimetenesta eller fysioterapeut. Dersom reparasjonen kan vente til seinare, ber vi om at befolkninga ventar med å ta kontakt til Pandemien har roa seg. Er du usikker, så ring oss.
  • Masfjorden kommune tek ikkje imot hjelpemiddel frå innbyggjarar som skal levere attende anten til korttidslager i Masfjorden kommune eller til NAV Hjelpemiddelsentralen i Vestland.
  • Me leverer berre ut hjelpemiddel der det er absolutt naudsynt for innbyggjaren.

Me beklagar ulempa dette kan føre til for innbyggjarane i Masfjorden kommune, men vi ser det som naudsynt som del av det å nedkjempe Pandemien som no har råka store deler av verda.

Kontaktinformasjon:

Ergoterapeut Toril Areklett (telefon; 40910077 mandag til onsdag kvar veke)
Heimetenesta sin vakttelefon; 41617507 (0800-1500 mandag til fredag)

 

Tekst: Toril Areklett, ergoterapeut i Masfjorden


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 19.03.2020