HjemNyhendePris til "Masfjordbrua"

Pris til "Masfjordbrua"

Masfjordbrua i peparkakeversjon

Masfjordbrua  vart tildelt 1. prisen i klassen for bedriftsbidrag under arkitektkonkurransen som vart arrangert  i regi av peparkakelandsbyen på Vidsyn i Sløvåg. Det er "arkitekt- og entreprenørfirmaet" Kantinegjengen heimehøyrande på kommunehuset i Masfjorden, som står bak det spektakulære byggverket.

-Me er utruleg stolte av byggverket,  og over at vårt bidrag gjekk heilt til topps, seier dei to direktørane i «AEK», Hege Molland  Søvik og Tone Haugsvær til heimesida. -Byggjeprosessen var krevjande, men samstundes svært lærerik. Særleg sette dei nye byggjematerialane oss på prøve, men me nådde land, for å seia det slik, avsluttar dei.
Dei fortel vidare at firmaet har nye, store byggeprosjekt på gang, men dei ønskjer førebels ikkje å røpa noko om kva, kvar og korleis.

Utmerkinga vart feira med rosande talar, helsingar og boblevatn i stettglas under lunsjen på tenestetorget i dag.

Konkurransen var delt inn i fleire ulike klassar.
Prisen for beste private bidrag gjekk også til Masfjorden. Vinnarbidraget, «Nissen i Skjelsundet på pakketur»  er laga av Olai, Oskar- Andreas, Emil André, Ole -Martin, Marlene, Jon Helge, Ida Helene, Olvar og Marcus. Me gratulerer!

 

Tekst: Brunissen
Foto: Liv Oda Dale


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 18.12.2019