HjemNyhendeNytt tilfelle av koronasmitte hjå innbyggjar

Nytt tilfelle av koronasmitte hjå innbyggjar

Smittesporing er no gjennomført, vedkommande er i isolasjon, aktuelle nærkontaktar er orientert og nødvendige tiltak er iverksett. Me kjenner ikkje smittevegen til personen som har fått påvist koronavirus. Difor går me breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halde deg heime og teste deg.

Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest. Denne tenesta er tilgjengeleg frå måndag morgon klokka 09.00.

 

Tekst: Rolf Martin Tande, kommuneoverlege og smittevernlege


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 09.07.2021