HjemNyhendePårørandeskule

Pårørandeskule

Når ein av dine nære får ein demensdiagnose er det viktig å få kunnskap om sjukdommen, og råd om korleis ein skal takle kvardagen. Ein god måte og tileigne seg informasjonen på, er å delta på pårørandeskule.

Det er lagt opp til fem samlingar. Kvar av dei består av forelesningar og deretter oppfølingssamtale i gruppe. Målet for gruppesamtalane er drøfting av dagens tema, og å utveksla erfaringar som pårørande.

Tema som vil verte presentert er:
Demenssjukdom – sjukdomslære
Pårørande si rolle og eigenomsorg
Kommunikasjon med personar med demens
Kommunale tilbod – hjelpeapparatet
Pårørande og psykisk helse

Praktisk informasjon

Kurset vert halde i Helsehuset i Knarvik, 6.etasje.
Datoar for samlingane er; 15.03.22 – 22.03.22 – 29.03.22 – 19.04.22 – 26.04.22
Tidspunkt: 18 – 20.30

Påmeldingsfrist: 11.03.22 
Ein samla pris for deltaking på dei fem samlingane er sett til 300 kroner.

For påmelding / informasjon kan ein ta kontakt med
John Petter Wadseth, kommunepsykolog i Alver telefon: 94511854

 

Tekst: Sigrun Haugsdal Reknes


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 01.03.2022