HeimNyhendeOrientering om framdrifta for ny 420 kv kraftleidning mellom Modalen og Mongstad

Orientering om framdrifta for ny 420 kv kraftleidning mellom Modalen og Mongstad

Varsel om sprenging

Når linene til kraftleidningen vert strekte ut og skal skøytast saman og festast til mastene, vert det nytta såkalla eksplosjonsarmatur. Det medfører kraftige smell, avhengig av avstand til arbeidet. Det skal varslast med sirene før kvar sprenging.

Arbeid som medfører bruk av eksplosjonsarmaturar, vert utført langs leidningen frå Yndesdal til Haugsværfjorden i perioden februar - april. Fjordspennet over Haugsværfjorden skal strekkjast i perioden februar - mars, og frå fjordspennet og ned til den nye stasjonen i Haugsværdalen skjer arbeidet i perioden mars - april.

Også i stasjonane må det detonerast eksplosjonsarmatur når innstrekka skal installerast. Arbeidet i stasjonane vil starta opp i Steinsland og Haugsvær (og seinare Lindås) tidleg i mars.

Bygging av ny 132 kv leidning Matre-Haugsvær

I slutten av mai i år vil arbeidet med å grava grøft for jordkabelanlegget som skal gå frå koplingsanlegget i Matre og fram til den første masta, som skal stå på vestsida av Matreelva, starta.

Sjøkabelanlegg i Fensfjorden

Utlegging av sjøkabel i Fensfjorden skal etter planen skje i august 2019

Her kan du lese heile brevet frå BKK til grunneigarane (pdf)

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 05.03.2019