HjemNyhendeOppdeling av faktura for kommunale gebyr i fleire terminar

Oppdeling av faktura for kommunale gebyr i fleire terminar

Kommunen har vurdert alle faktura for kommunale gebyr og gjort ei oppdeling slik at dei med høgt, samla gebyr har faktura fordelt på 12 terminar mens dei med lågt, samla gebyr framleis berre har ein termin.
Høgt samla gebyr er dei som både har vass- og avløpsgebyr, mens lågt samla gebyr er dei som berre har feiegebyr. Dei med gebyr mellom dette er sett opp med to terminar som i dag.

Kvar rekningsmottakar av kommunale gebyr kan endre fakturafordelinga for sine gebyr. Terminoppsett de kan velge mellom er 1, 2 og 12.

De må då ta kontakt med kommunen på telefon 5616 6200 eller Tenestetorget (post@masfjorden.kommune.no)

 

 

Tekst: Anne-Kristin Rafoss


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 14.06.2022