HjemNyhendeOppdaterte retningsliner for heimekarantene og isolasjon

Oppdaterte retningsliner for heimekarantene og isolasjon

Kven skal i heimekarantene?

Alle som har vore på reise i land utanfor Norge, Sverige og Finland (med tilbakeverkande kraft til 27. februar 2020) skal være i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst. Nærkontakt med  person som har fått påvist covid-19 skal også være i heimekarantene 14 dagar.

Heimekarantene skal brukast når du er frisk, men har vore utsett for smitterisiko. Familiemedlemar til ein som er i heimekarantene, skal ikkje automatisk i karantene (vurderast som låg smitterisiko - men hugs gode hygienetiltak heime!).

Heimekarantene omfattar:

  • å vere heime og ikkje ha kontakt med andre enn dei du bur saman med!
  • ikkje gå på jobb eller skule
  • unngå reiser
  • ikkje ta offentleg transport
  • unngå andre stader der ein lett kjem nær andre (unngå å gå i matvarebutikken! )
  • unngå nær kontakt med andre

Altså: ein kan gå ut av eigen heim t.d. på tur, men skal unngå nærkontakt med andre.

Gode råd til personar som er i heimekarantene: les meir på fhi.no.

Kven skal i isolering?

Har du klar mistanke om/ventar på svar etter testing/stadfesta koronasmitte, skal du isolerast heime (strengare enn karantene).

Heimeisolering omfattar: å vere heime, isolert frå andre menneske, og ikkje ha tett kontakt med dei du bur saman med (sove på eiget rom, bruke eige bad, ikkje ete ilag med dei andre i huset). Du skal ikkje gå på butikken.

Hustandsmedlem som bur saman med sjuk person med koronavirus eller personar som er testa for koronaviruset reknast som nærkontakt og har heimekarantene.

Gode råd til personar som er i heimeisolering: les meir på fhi.no.

Følg med på symptom

Blir du sjuk med symptom som hoste, halsbetennelse, kortpusta eller feber i denne perioden og mistenker koronavirus eller har vore i nærkontakt med ein person med påvist covid-19 og får symptom, kontakt legekontor eller legevakt.

Testing

Masfjorden legekontor får ein del spørsmål frå innbyggjarar som ynskjer å bli testa. Legekontoret testar berre personar som stettar krava til kven som skal testas(www.fhi.no)

Testing av friske personar gjev falsk tryggleik. Du kan vere smitta sjølv om testen er negativ. Dersom du får symptom på akutt luftvegsinfeksjon skal du ringe 56 16 63 00 Masfjorden legekontor eller legevakt 116 117. Sjølv om du har testa negativt, er det viktig at du held på karantenetida i 14 heile dagar.

Nasjonale føringar vert stadig oppdatert og fornya. Vi ber alle om å følgje med på Masfjorden kommune si heimeside, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet sine heimesider.


Tekst: Masfjorden kommune og smittevernlegen.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 15.03.2020