HeimNyhendeOppdaterte datoar og retningslinjer for koronavaksinasjon i desember 2021

Oppdaterte datoar og retningslinjer for koronavaksinasjon i desember 2021

Kommunen har fått nye retningslinjer om tredje dose:

  • alle over 45 år kan få 3. dose når det er gått 6 månader eller meir frå ein fekk 2. dose.
  • Aldersgruppa 18-44 år i høgrisikogruppene når det har gått 6 månader
  • dei over 65 år når det har gått minimum 5 månader
  • alt helsepersonell når det har gått 6 månader, inkl. gravid helsepersonell

Høgrisikogruppene er:

  • organtransplanterte
  • dei med immunsvikt
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft
  • nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon
  • Downs syndrom
  • kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon.

Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

Du treng ikkje bestilla time. Vaksinen er gratis. Du kan sjå på helse Norge/min helse når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Møt opp i aktuelle tidsrom på Nordbygda, gamle legekontoret:

  • Tysdag 07. desember kl. 09.00 -13.00
  • Tysdag 14. desember kl. 09.00 - 13.00.

Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.

 

Tekst: Malin Daae Steine, leiar helseavdelinga


Sist oppdatert: 30.11.2021
Publisert: 30.11.2021