HeimNyhendeOffentleg ettersyn av reguleringsendring på del av Duesundøy

Offentleg ettersyn av reguleringsendring på del av Duesundøy

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 03.02.2020, sak 006/2020, gjort vedtak om å leggje framlegg til  endring av reguleringsplan for deler av Duesundøy (Naustområde N1) ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Føremålet med planarbeidet er å tilpassa planen med å flytta deler av naustområdet N1, slik at lokaliseringa av dette vert meir i samsvar med eksisterande terrenginngrep som er gjort tidlegare. Det er i tillegg regulert inn tilkomstveg til nausta.

Det vert vist til planskildringa og plankartet  for fleire detaljar. Reguleringsplanen har fått planid 1266 – 20190001.

Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå 24. februar 2020 til 10. april 2020 på kommunehuset på Masfjordnes.

Plankart av 06.12.2019, reguleringsføresegner revidert 17.02.2020, skildringar m.v. og saksframlegget med vedtak frå formannskapet sitt møte, alle som pdf-dokument:

Gjeldande plankart
Nytt plankart
Reguleringsføresegner
Søknad om reguleringsendring
Sakspapir

Andre dokument kan ein finna ved å gå inn på sak 19/335 på post innsyn på heimesida.
Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan fristen den 10. april 2020 på elektronisk høyringsskjema, eventuelt som brev til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.

Dersom de har spørsmål i saka kontakt assisterande rådmann Sveinung Toft.



Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 24.02.2020