HeimNyhendeKommunedelplan for kulturminne i Masfjorden - offentleg ettersyn

Kommunedelplan for kulturminne i Masfjorden - offentleg ettersyn

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte 29.08.2019 vedteke å legge forslag til kulturminneplan ut på høyring.

Formålet med planen er å auke merksemda og interessa rundt kulturminna i Masfjorden og få ei betre forvaltning av kulturminna. Vårt håp er at kulturminna i
større grad kan brukast og forvaltast som ein ressurs i kommunen.

Vi gjer merksam på at det vil bli utarbeida eit handlingsprogram etter høyringsfristen.

Merknader til kulturminneplanen må sendast til kommunen innan 14. oktober 2019.

Plandokumentet er tilgjengeleg på tenestetorget på kommunehuset og her på heimesida i pdf-format:

Saksutgreiing/vedtak
Plandokument
Kulturminnelokalitetar

Du finn elektronisk høringsdokument på kommunen si heimeside:
sjølvhjelp og innsyn/skjema og digital post/skjema
- eller du kan sende innspel på e-post-adresse:
post@masfjorden.kommune.no.

Verdi

Verdien av eit kulturminne kan definerast på fleire måtar – t.d. økonomisk verdi, affeksjonsverdi eller kunnskapsverdi. Kulturminne og lokalhistorie kan setje kommunen på kartet på fleire måtar. Me ønskjer å leggje vekt på den verdien kulturminna bør ha i utviklinga av våre lokalsamfunn.

Dei fleste av oss definerer seg som ein del av eit sosialt fellesskap m.a. fordi vi har ein felles kulturhistorisk identitet. Identitet er viktig. Vi treng alle eit fotfeste heime, ei tilknyting som definerer oss, som stadfestar kven vi er og kor vi høyrer til. Vår kulturhistorie er med på å definere forståinga av oss sjølv. Kva ville for eksempel skjedd med den norske identiteten om vi fjerna markeringa av 17. mai og påske? Vart vi ikkje meir rotlause då?

Lokal identitet - ei oppleving av å høyre til - bidreg til velvære, trivsel og harmoni - ei kjensle av stabilitet, tryggleik og kontinuitet. Dette er gode og solide byggeklossar i eit lokalsamfunn. Me er ikkje flinke nok til å bruke og ta vare på denne ressursen.

Å bevare alt av kulturminne er ei vanskeleg oppgåve. Det er sjølvsagt ei økonomisk utfordring, men det er også eit etisk spørsmål - fordi samfunnet har andre viktige oppgåver som skal løysast.

Det betyr at vi må prioritere det som er viktigast, men då må vi først å få kartlagt dei kulturhistoriske verdiane me finn i Masfjorden. Vi har allereie gjort ei kartlegging men har nok ikkje funne alt. Vi ønskjer få inn tips om fleire kulturminne som bør delta i prioriteringane som skal munne ut i ein handlingsdel til planen.

For å oppnå ei langsiktig forvaltning av eit kulturminne er eit godt samarbeid mellom eigar og offentlege instansar einaste realistiske veg. Ein oppnår uansett ikkje det ved å bruke tvang og paragrafar. Kommunen ønskjer dialog og samarbeid - og vi ønskjer å bidra med økonomisk støtte dersom nokon viser interesse for å bevare viktige kulturminne.

 

Tekst: Terje Kallekleiv, plansjef


Sist oppdatert: 04.09.2019
Publisert: 04.09.2019