HeimNyhendeNyopning av hovudbiblioteket på Hosteland

Nyopning av hovudbiblioteket på Hosteland

Ordførar Karstein Totland nyopnar biblioteket

(Bilete: Ordførar Karstein Totland nyopnar biblioteket)

Under opninga var det flott musikkinnslag ved elevar i kulturskulen.

Biblioteksjef Kjellaug Bolset Strand orienterte om prosjektet og takka alle gode hjelparar for flott  innsats, og fylkeskommunen for støtte i form av midlar og rettleiing.

Interiørarkitekt Mette Heimtun har valt ein fargepalett som har gjort rommet lysare og trivelegare. Veggene er malte og det er kome nye lysarmatur. Sjølv om mykje av inventaret er gjenbruk, har nye måtar å innreie på med små krokar og sitjegrupper, gjeve rommet eit innbydande løft.
Fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt helsa på vegne av Hordaland fylkeskommune, og fortalde om bakgrunnen for å gje støtte, og at det er viktig å byggja opp under folkebiblioteka som gode møteplassar.

Den offisiell opning vart gjort av ordførar Karstein Totland med snorklipping og tale. Han la vekt på at å bli ein god lesar er viktigare enn nokon sinne. Han framheva og biblioteket som ein god og viktig kulturformidlar og fortalde at han sjølv har brukt biblioteket mykje.


Tekst og foto: Sveinung Toft


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 16.05.2019