HjemNyhendeNye nasjonale smittevernreglar frå 16. april 2021

Nye nasjonale smittevernreglar frå 16. april 2021

Masfjorden kommune føljer dei nasjonale råda og avgjerdene, og oppmodar innbyggjarane om å slutte opp om desse.

Her er tiltaka:

Nasjonale råd:

  • Ein - meters avstand til andre. Dette gjeld både innandørs og utandørs.
  • Du bør avgrense sosial kontakt til eit minimum.
  • Du bør ikkje ha meir enn 5 gjester på besøk heime eller på hytta. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunne halde avstand.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. I tillegg kan barn ha besøk av ein til to faste vener.
  • Dersom du kjem frå eit område med mykje smitte, bør du ikkje reise på overnattingsbesøk til andre eller ha overnattingsbesøk.
  • Bruk av munnbind alle stader der du ikkje klarer å  halde 1 meters avstand.
  • Utset alle reiser som ikkje er naudsynte.
  • Dersom du bur i ein kommune med strengare tiltak, og reiser til ein kommune med mindre strenge tiltak, er hovudregelen at du skal følje dei strenge tiltaka som gjeld der du kom frå.

Nye nasjonale forskriftsfesta reglar

  • Tillate å skjenke alkohol i samband med matservering til kl. 22.00.
  • Forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle.
  • Treningssenter kan halde ope for dei som er busette i kommunen
  • Heimekontor vert tilrådd for dei som kan det.
  • Arrangementet som samlar personar frå ulike kommunar vert ikkje tilrådd.
  • Private samkomer (samlingar med familie og vener) på offentleg stad eller i leigde lokale gjeld denne regelen:
    Innandørs: Maksimalt 10 personar
    Utandørs: Maksimalt 20 personar
  • Organiserte samlingar med arrangør:
    Innandørs: Maksimalt 10 personar når det ikkje er faste, tilviste sitjeplassar.
    Innandørs: Maksimalt 50 personar på idretts- og kulturarrangement for personar under 20 år frå same kommune når det ikkje er faste, tilviste sitjeplassar.
    Innandørs: Maksimalt 100 personar når det er faste, tilviste sitjeplassar.
    Utandørs: Maksimalt 200 personar på arrangement utandørs

Lokale tiltak

 


Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 15.04.2021