Nye satsar for oppvekst 2023
Barnehagesatsen frå 01.04.23 vert kr. 2 900,-. Matpengar for barnehagen vert auka med 3,7 % frå 01.04.23 til Kr. 328,-. Gebyr for for seint henta barn vert kr. 272,- pr. påbyrja halvtime. Gratis barnehageplass for 3. barn om ein har 3 barn i barnehagen samtidig gjeldande frå nytt barnehageår. Syskenmoderasjonen vert uendra, ingen husstandar skal betala meir enn 6% av samla inntekt for ein barnehageplass eller SFO plass 1-4.klasse.
SFO satsane vert auka med 3,7% til kr. 634,-, 1 258,-, 1 739,- og 2 526,- frå 01.04.23. Elevar i 1.klasse har gratis 12 timar i SFO pr. veke. Ekstratimar i SFO kr. 89,- og 60,- pr. time. Matpengar i SFO vert kr. 118,-.
I tillegg er det sentralt bestemt at elevar i 2. klasse skal få gratis SFO 12t frå hausten 2023.
Satsen i Idrettskulen vert auka med 3,7% til 924,-.
Kjøp av timar i eksisterande klassar i vaksenopplæringa vert fakturert med kr. 100,- pr. time.
Tekst: Masfjorden kommune