HjemNyhendeRegjeringa innfører nye nasjonale koronaråd og reglar frå og med onsdag 15. desember og 4 veker framover.

Regjeringa innfører nye nasjonale koronaråd og reglar frå og med onsdag 15. desember og 4 veker framover.

For at me skal klare å slå ned smitten i samfunnet er det viktig at me også denne gongen står saman og sluttar opp om dei nye nasjonale råda og reglane.

Råd og oppmodingar

Avstand og sosial kontakt

  • Alle bør halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Rådet gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er òg unntak for vaksne som arbeider med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime ut over eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gang i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vera ein meter avstand mellom gjestane. Alle må tenka gjennom kor mange nærkontaktar ein har over tid.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klassa/avdeling sjølv om det overstig tilrådd tal gjestar.
  • Reduser tal nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
  • Treff andre utandørs når det er mogleg.
  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte bør skjerma seg. (nytt)

Organiserte fritidsaktivitetar

Barn og unge

  • Barn og unge i barnehage- eller grunnskulealder kan ha organiserte fritidsaktivitetar, som til dømes fotballtrening eller korpsøving, men det vert tilrådd avgrensingar i kor mange som kan vera med. Viss aktiviteten skjer innandørs bør det vera maks 20 stykk, med mindre alle deltakarane er frå same kohort i skule eller barnehage. (nytt)
  • Barn og unge i barnehage- eller grunnskulealder kan trena eller øva saman, men me tilrår ikkje å ha cupar, kampar eller turneringar der barn frå ulike stader samlast. (nytt)
  • Det vert gjort eit unntak for utandørs idrettsarrangement for barn og unge i barnehage- eller grunnskulealder. Dei kan gjennomførast viss barna heile tida kan halda ein meters avstand, og dersom det er mogleg å følgja dei andre reglane om tal som gjeld for alle arrangement.
  • Barn og unge som er ferdig med ungdomsskulen, bør halda meteren òg på fritida. Det betyr til dømes at dei ikkje bør spela fotball eller handball, kvar det er vanskeleg å halda meteren. (nytt)

Vaksne

Me tilrår å utsetja eller avlysa gjennomføring av arrangement tilknytt organiserte idretts- og fritidsaktivitetar på tvers av ulike grupper, både ute og inne. (nytt)

Me tilrår å utsetja eller avlysa organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne som skjer innandørs.

Vaksne kan trena eller ha andre organiserte fritidsaktivitetar utandørs, men det er anbefalt å vera maks 20 personar og halda meteren.

For alle

  • Me oppmodar alle til å koma seg ut i frisk luft. Men det er viktig å halda god avstand til kvarandre, òg når ein er ute.
  • Garderobar kan haldast opne dersom det er mogleg å organisera bruken slik at trengsel og tett kontakt mellom personar kan unngåast. Dersom opne garderobar fører til trengsel, vert det tilrådd å halda garderobane stengt for ordinær bruk, men likevel slik at toalett og handvaskfasilitetar er tilgjengelege dersom dette ikkje finst andre stader i lokala.
  • Sjå eiga nyheitssak om toppidret.

Skular, barnehagar og SFO

  • Det vert innført nasjonalt gult nivå i barnehagar og på barne- og ungdomsskular frå og med torsdag 16.desember. Lokale avgjerder om raudt tiltaksnivå går føre nasjonalt bestemt gult nivå. (nytt)
  • Det vert innført nasjonalt raudt nivå på vidaregåande skular og for vaksenopplæring. (nytt)
  • Grunnskular og barnehagar må sørga for å ha beredskap for rask overgang til raudt nivå. (nytt)
  • Krav til universitet, høgskular og fagskular om å leggja til rette for digital undervisning, evnetrening og eksamen så langt det er mogleg. (nytt)
  • Det kan arrangerast samkomer for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar/avdelingar/grupper med naudsynt tal vaksne til stades.

Arbeidsliv

  • Alle som kan ha heimekontor, skal ha heimekontor (nytt)
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføra nødvendige og lovpålagte oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.
  • Oppmoding om 1 meters avstand.
  • Oppmoding om munnbind om det ikkje er mogleg å halda avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar som bruk av skiljevegger eller liknande.
  • Påbod om å bruka munnbind gjeld i nokon publikumsretta delar av arbeidslivet. Sjå omtale nedanfor under "Munnbind".
  • Det vert tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er hustandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Forskriftsfesta tiltak

Arrangement og samkome

  • Det vert tilrådd å redusera tal nærkontaktar. Meir tid bør brukast heime. Det betyr at ein òg må avgrensa tal besøk, sosiale samkomer og arrangement ein deltek på. (nytt)
  • Det vert tilrådd å unngå bruk av kollektivtrafikk for å komma seg til arrangement. (nytt)

For arrangement gjeld desse reglane:

  • Maksimalt 20 personar innandørs på privat samkome på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale.
  • Minnestunder etter gravferder kan ha maksimalt 50 personar innandørs og utandørs. Sjølve gravferda blir rekna som eit offentleg arrangement, sjå nedanfor.
  • Maksimalt 20 personar på offentlege innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar og 50 personar ved bruk av slike sitjeplassar. (nytt)
  • Arrangøren skal sørga for at alle som er til stades ved innandørs arrangement skal kunna halda minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i same husstand eller er tilsvarande nære. Det vert gjort unntak for fleire grupper, m.a. for utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i same kohort i barnehage eller barneskule.
  • På innandørs arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på same seterad frå dei kjem arrangementet. Personar frå same husstand kan setja seg nærare kvarandre etter tilkome.
  • På utandørs offentleg arrangement: Inntil 100 personar utan faste, tilviste plassar og inntil 200 x 3 med faste, tilviste plassar. (nytt)
  • Arrangørar skal sørga for ei oversyn over kvar det enkelte publikummet eller gjest sit ved offentlege arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. (nytt)
  • Skjenkestopp på arrangement med skjenkebevilling, inne og ute. (nytt)
  • Munnbind blir òg påbode innandørs på arrangement. (nytt)

Ved kyrkjevandring i kristne trussamfunn kan nye deltakarar sleppe inn kontinuerleg når nokon går ut. Tilsvarande unnatak vert gjeve for viktige høgtidar for andre trussamfunn dersom smittesituasjonen gjer det nødvendig med framleis strenge tiltak. (nytt)

Serveringsstader

  • Påbod om at serveringsstaden skal sjå til at alle kan halda 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vera minst 1 meters avstand mellom sitjeplassane til gjestane, men personar i same husstand eller tilsvarande nære kan setja seg nærare kvarandre.
  • Skjenkestopp, inne og ute. (nytt)
  • Serveringsstader skal ikkje gjennomføra aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestene enn 1 meter. Dette vil typisk vera dansing (nytt)
  • Serveringsstaden skal registrera kontaktopplysningar til gjester som samtykkjer til det.
  • Serveringsstad skal ikkje ha servering for innandørs privat samkome med fleire enn 20 personar inne og 50 ute. Reglane for private samkomer gjeld ikkje på serveringsstad. Serveringsstaden skal vareta smittevernet (nytt)

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og annan opplærings- og utdanningsverksemd.
  • Underhaldningsparkar, leikeland, spelehallar og liknande skal halda stengt. (nytt)
  • Symjehallar, badeland, spaanlegg og hotellbasseng, og treningssenter kan berre haldast ope for: (nytt)
    - individuell trening. Ved trening med høg intensitet skal det haldast 2 meter avstand.
    - skulesymjing, symjekurs, symjetrening og konkurransesymjing med arrangør.
    - rehabilitering og opptrening som blir tilboden individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    - anna individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.
  • Følgjande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunna halda ope: Bibliotek, museum, bingohallar, svømmehaller, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknader og liknande.
    Dette inneber krav om å sørga for at det er mogleg å halda minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
  • Med unntak av bibliotek, museum, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrera kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det.
  • Bransjerettleiing bør gjeninnførast for m.a. treningssenter og svømmehaller. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern.

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halda minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld òg for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar.
  • Munnbindpåbod gjeld òg hjå frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.
  • Munnbindpåbod gjeld òg på innandørs arrangement, i bibliotek og i museum. (nytt)
  • Munnbindpåbodet gjeld ikkje medan ein sit ved eit bord på serveringsstad (gjeldande) eller et eller drikke sitjande. (nytt)
  • Det er allereie nasjonal oppmoding om å bruka munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halda avstand, til dømes når du skal henta jakka di etter eit arrangement samtidig med mange andre eller på veg ut av eit fotballstadion.

Heimekontor

Påbod om at arbeidsgjevar sørger for at tilsette arbeider heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og naudsynte oppgåver på arbeidsplassen, mellom anna for å vareta barn og sårbare grupper. (justert)

Karantene

Felles reglar for isolasjon og karantene uavhengig av virusvariant. Karanteneplikt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære med moglegheit for å testa seg ut etter 7 dagar. Andre nærkontaktar kan testa seg ut etter 3 dagar, men framleis vera i fritidskarantene til negativ test etter 7 dagar. (nytt)

 

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 14.12.2021