HjemNyhendeRegjeringa innfører nye nasjonale koronaråd og reglar

Regjeringa innfører nye nasjonale koronaråd og reglar

Avstand og sosial kontakt

  • Alle bør halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Rådet gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er òg unntak for vaksne som arbeider med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime ut over eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gang i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vera ein meter avstand mellom gjestane. Alle må tenka gjennom kor mange nærkontaktar ein har over tid.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klassa/avdeling sjølv om det overstig tilrådd tal gjestar.
  • Reduser tal nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
  • Treff andre utandørs når det er mogleg.

Organiserte fritidsaktivitetar

  • Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg, og garderobar bør haldast stengt.
  • Ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs vert det tilrådd at vaksne over 20 år er i grupper på inntil 20 personar. Vidare vert det tilrådd at vaksne innandørs held avstand der det er mogleg for å utøva aktiviteten, og at ein held 2 meter avstand ved trening med høg intensistet.
  • Det vert ikkje gjeve konkret oppmoding om avstand og tal når barn og unge under 20 år trenar og deltek på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar.
  • Toppidrett kan gjennomførast som normalt.

Skular, barnehagar og SFO

  • Kommunane skal ved behov ta i bruk trafikklysmodellen i skular og barnehagar. Utgangspunktet er grønt nivå, med mindre noko anna vert vedteke lokalt.
  • Det kan arrangerast samankomstar for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar/avdelingar/grupper med nødvendig tal vaksne til stades.
  • Universitet, høgskular og fagskular bør så raskt som praktisk mogleg innføra undervisning i mindre grupper og meir digital undervisning.
  • Universitet, høgskular og fagskular bør legga til rette for eksamen og obligatoriske kurs, enten digitalt eller fysisk der det er praktisk mogleg med godt smittevern. Det same gjeld for andre utdanningsinstitusjonar for vaksne.

Arbeidsliv

  • Tilråding om 1 meters avstand og auka bruk av heimekontor.
  • Oppmoding om munnbind om det ikkje er mogleg å halda avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar som bruk av skiljevegger eller liknande.
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføra nødvendige og lovpålagte oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.

Lufting

  • Det vert tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er hustandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Forskriftsfesta tiltak

Arrangement og samkome

  • Maksimalt 20 personar innandørs på private samkome på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale
  • Minnestunder etter gravferder kan maksimalt ha 50 personar innandørs. Sjølve gravferda vert rekna som eit offentleg arrangement med faste tilviste sitteplassar, sjå nedanfor.
  • Maksimalt 50 personar på offentlege innandørs arrangement utan faste tilviste sitteplassar.
  • 3 x kohortar av 200 personar med 2 meter avstand mellom kohortane på offentlege innandørs arrangement med faste tilviste sitjeplassar.
  • Ved innandørs arrangement skal det utpeikast ein arrangør som skal ha oversyn over kven som er til stades og gjennomføringa skal vera smittevernfaglig forsvarleg.
  • Skjenkestopp klokka 24:00 på innandørs arrangement med skjenkeløyve.
  • Arrangøren skal sjå til at alle som er til stades ved innandørs arrangement skal kunna halda minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i same husstand eller er tilsvarande nære. Det vert gjort unntak for dei som er i same kohort i barnehage eller barneskule.
  • På innandørs arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på same seterad frå dei kjem til arrangementet. Personar frå same husstand kan setja seg nærare kvarandre.

Serveringstader

  • Påbod om at serveringssstaden skal sjå til at alle kan halda 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vera minst 1 meters avstand mellom sitjeplassane til gjestane, men personar i same husstand eller tilsvarande nære kan setja seg nærare kvarandre.
  • Serveringstader med skjenkeløyve skal ha sitjeplassar til alle gjestar, men det er ikkje eit krav ved kulturarrangement på serveringstaden.
  • Alkohol kan berre serverast ved borda.
  • Skjenkestopp klokka 24.00.
  • Serveringstaden skal registrera kontaktopplysningar til gjester som samtykker til det.

Smittevernfaglig forsvarleg drift

  • Påbud om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skuler og annan opplærings- og utdanningsverksemd. Kommunane skal igjen ta i bruk trafikklysmodellen. Tiltaksnivået er grønt med mindre det vert vedteke noko anna lokalt. Det kan verte aktuelt setja alle barnehagar og skular i landet på gult nivå.
  • Følgjande verksemder skal drivast smittevernfaglig forsvarleg for å kunna halda ope: Bibliotek, underhaldningsparkar, sømjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknader og liknande.
  • Dette inneber krav om å sørgje for at det er mogleg å halda minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
  • Med unntak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrera kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det.

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halda minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld òg for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar.
  • Munnbindpåbod gjeld òg hos frisørar, hudpleiere og andre ein-til-ein-verksemder.

Heimekontor

  • Påbod om at arbeidsgjevar skal leggja til rette for heimekontor der det er mogleg utan at det går ut over tenester som krev at ein er nær, til dømes for å ivareta barn og sårbare grupper.

Karantene

  • Karanteneplikt for nærkontaktar til ein bekrefta smitta der det er mistanke om omikron, vert utvida til også å gjelda andre nærkontaktar, ikkje berre husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Masfjorden kommune ser at dei nye reglane endrar planane i førjulstida og julehøgtida for mange, og har medkjensle med alle som ikkje får delta på aktivitetar ein har sett fram til.

For at me skal klare å slå ned smitten i samfunnet er det viktig at me atter ein gong står saman og sluttar opp om dei nye nasjonale råda og reglane.

Til slutt minner me om dei generelle smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 08.12.2021