HeimNyhendeNye moglegheiter for ungdom i region Nordhordland

Nye moglegheiter for ungdom i region Nordhordland

Kompetansesenter for arbeid og ungdom er eit resultat av utviklingsprosjektet i regionen

I haust startar NAV region Nordhordland eit pilotprosjekt som skal gå over vel to år. Det er utvikla i tett samarbeid mellom NAV og kommunane i regionen, samt Nordhordland Næringslag (www.nonl.no) og oppfølgingstenesta i Vestland fylkeskommune (www.vestlandfylke.no).

Kompetansesenter for arbeid og ungdom i Nordhordland

I mars la utviklingsprosjektet i NAV region Nordhordland fram ein analyse som viste at ungdommens møte med NAV er prega av ulike kontaktpersonar, meldingar og spørsmål i fleire kanalar, samt lang tid før ein kjem i aktivitet. 

- Hovudessensen  i rapporten synar at det ser ut til å mangle formalisert og handlekraftig samarbeid med næringsliv, utdanning og viktige samarbeidspartar rundt ungdom slik at vi sikrar at ungdom raskt kjem i gang med kvalifisering, utdanning eller arbeid, seier prosjektleiar for utviklingsprosjektet i region Nordhordland, Aina Merete Steinsland.

Ho fortel at prosjektet starta løysningsfasen med ein fire dagars tenestedesign med eit tverrfagleg utviklingsteam som hadde med representantar frå næringslag, oppfølgingstenesta, ungdomsressurs i kommunen og NAV.

Dei jobba med tema som:

  • Korleis synleggjere moglegheiter for ungdom knytt til utdanning og arbeid i Nordhordland
  • Kva verktøy, løysningar og ressursar trengst
  • Korleis forplikte tverrfagleg struktur til å levere tenester, meir effektivt og målretta enn det vi klarar kvar for oss.

Etter intense dagar valde prosjektet til slutt idéen om eit kompetansesenter for arbeid og ungdom (vimeo.com), ein tverrfagleg teneste som fremmar at ungdom får rask og koordinert tilgang på hjelp mot arbeid eller utdanning. Denne løysinga skal no bli testa ut som pilot, og Alver blir vertskommune.

– Prosessen med å tilsette prosjektleiar for piloten er i gang, og vi planleggar for oppstart av Kompetansesenteret for arbeid og ungdom i byrjinga i 2022, seier Steinsland.
 
Fleire nye løysingar knytt til ungdomsarbeidet

Både i analysefasen og i løysingsfasen har fleire moglege gevinstar blitt identifisert og overlevert NAV region Nordhordland.

– I tillegg til å rigge pilot no i haust skal vi mellom anna jobba vidare med å utvikle felles kartleggingsskjema, bruk av fagsystem og eit opplæringsopplegg om både teieplikt, lovheimlar rundt ungdom og deling av informasjon i regionen, seier Steinsland.

Det vert reetablert felles regionalt ungdomsnettverk i regionen, både internt mellom NAV-kontora, men og eksternt ut mot næringsliv og viktige samarbeidspartar. Brei involvering av tilsette i regionen blir viktig også framover.


 

Tekst: Anita Merete Steinsland, prosjektleiar, NAV Vestland


Sist oppdatert: 08.10.2021
Publisert: 08.10.2021