Nye koronatiltak for innbyggjarane i Masfjorden
Sosial kontakt
Ikkje ha besøk heime. Vent 14 dagar før du har besøk eller besøker andre. Dei som bur åleine kan ha besøk av ein til to faste personar. Alternativt kan dei som bur åleine ha ein fast familie som dei besøker. Barn kan også ha besøk av barn frå same kohort i barnehage og skule.
Lokale tilpassingar:
Me endrar ikkje på reglane for besøk på sjukeheimen. Masfjorden kommune - Besøk til bebuarar ved Masfjorden sjukeheim
Arrangement
Det kan vere maksimalt fem personar på private arrangement utanfor eige heim, som til dømes ein bursdag i lokale som er leigd.
Det kan maksimalt vere 10 personar på offentlege arrangement innandørs, men inntil 200 personar om alle sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere inntil 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.
Reiser
Unngå reiser som ikkje er naudsynte i inn- og utland. Du kan dra på hytta med folk du bur saman med.
Skule og utdanning
All undervising og planlagde arrangement på universitet, høgskular og fagskular vert gjort digitale fram til 18. januar. Alle vidaregåande skular og ungdomsskular skal gå over til raudt nivå.
Lokale tilpassingar:
Ungdomsskulane i Masfjorden har smitteverntiltak på «raudt nivå», men elevane møter på skulen som vanleg.
Gymnastikk- og symjeundervisning går som vanleg med etablerte smitteverntiltak.
Uteliv
Forbode å skjenke alkohol, men serveringsstader kan halde ope.
Idrett og fritidsaktivitetar
Det er tilrådd å utsetje organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynsarrangement innandørs til etter 18. januar. Dette gjeld også alle arrangement for barn på tvers av kohortar.
Utandørsaktivitetar kan gjennomførast om det er mogleg å halde minst ein meter til andre.
Lokale tilpassingar:
Gymsalar og symjebasseng er stengt for aktivitet utanom ordinær undervisning.
Idrettsskulen går som normalt med etablerte smitteverntiltak.
Kulturskulen - startar opp 11.1 med tilbod om digital undervisning i fyrste omgang til 18.1. Korps og kor er utsett til etter 18. januar.
Butikkar
Butikkar bør sikre at det ikkje kjem fleire kundar inn i butikken enn at det er mogeleg å halde 1 meter avstand.
Kommunehuset
Stengt for besøkjande og møter til 18.januar.
Bibliotek
Biblioteka er opne
Aktuelle nettressursar:
Nye koronatiltak frå 4. januar (helsenorge.no)
Informasjon om koronatiltak i skulen (udir.no)
Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar