HjemNyhendeNo kan du bestille transport i Masfjorden

No kan du bestille transport i Masfjorden

Bestillingsrutene går langs faste strekningar til faste tider, men berre om ruta er bestilt. 

Det er plass til rullestol og barnevogn ombord. Rutene blir kjørt av taxi, men det vil stå Skyss i vindauget. 

Det er ikkje alltid at bilen kan køyre heilt fram til døra for å hente deg, men sjåførane er alltid klare til å hjelpe deg om du treng det. 

Kva kostar det? 

Bestillingstransporten har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett dersom du har det. Du må kjøpe ein billett for turen fram og ein ny billett for turen tilbake. 

Korleis kjøper eg billett? 

Kjøp billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken. 


Forklaring på korleis du bestiller transport. 

Kven kan bruke bestillingstransport? 

Tilbodet er for alle. Du kan for eksempel bestille transport dersom du skal på handletur eller på besøk. 

Dette er rutene med bestillingstransport:

Det er fem ruter som køyrer på bestilling i Masfjorden. 

  • Solheim - butikken på Haugsvær
    Torsdagar: Avreise 09:30 Retur 12:00

  • Indre Haugsdal - butikken på Haugsvær 
    Torsdagar: Avreise 10:30 Retur 12:45

  • Byrkjeland - butikken på Hosteland 
    Fredagar: Avreise 09:30 Retur 12:30

  • Reknes - butikken på Hosteland 
    Fredagar: Avreise 11:00 Retur 14:00

  • Masfjordnes ferjekai - butikken på Kvingo - Einestrand  
    Onsdagar: Avreise 09:30 Retur 12:00

Du kan bestille transporten så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før avreise. Dersom fleire skal reise på same tid som deg, kan det bli inntil 15 minutt å vente. 

Du får informasjon i appen eller på tekstmelding om nøyaktig kva tid taxien kjem. 

Lurer du på noko? 

Du kan kontakte oss mandag til fredag mellom klokka 08:00 og 17:00 
på telefon 55 55 90 99 (skyss)
Du finn også alt om reiser med buss, bybane, båt og ferje på nettsida skyss.no


Sist oppdatert: 27.09.2024
Publisert: 27.09.2024