HjemNyhendeMeddommarar frå Masfjorden kommune

Meddommarar frå Masfjorden kommune

Masfjorden kommunestyre skal no oppnemnde meddommarar til Bergen tingrett , Nord- og Midhordland jordskifterett og lagmeddommarar til Gulating lagmannsrett for perioden 01.01.2021 - 31.12.2024. Masfjorden kommune skal velje 6 meddommarar til tingretten, 10 jordskifte-meddommarar til jordskrifteretten og 2 lagmedlemmer til lagmannsretten.

Meddommarar er ein ikkje juridisk utdanna person som saman med ein fagdommar er med på å avgjere rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å verte innkalla to gonger i året. Det fleste rettssakene varer frå ein til tre dagar.

For å kunne veljast som meddommar eller lagmedlem må du vere mellom 21 og 70 år når valperioden startar og vere busett i Masfjorden kommune på valdagen.

Her finn du finn meir informasjon (www.domstol.no)

Dersom du har lyst å verte meddommar ta kontakt med kommunen på post@masfjorden.kommune.no eller telefon 5616 0000 seinast 19. mai 2020.

 

Tekst: Anne Kristin Rafoss, rådgjevar.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 17.04.2020