HeimNyhendeMasfjorden kommune digitaliserer utsending av faktura

Masfjorden kommune digitaliserer utsending av faktura

I samband med denne oppmoding startar me no med digitalisering av utgåande faktura.

Kva konsekvensar vil dette har for deg?

Den nye løysinga inneber at alle utgåande faktura vert forsøkt sendt digitalt i denne rekkefølgja:

  • AvtaleGiro
  • eFaktura
  • VippsRekning
  • digital postkasse (Digipost eller eBoks)
  • vedlegg i ein e-post.

Viss ingen av desse måtane er mogleg, blir faktura levert som papirfaktura i postkassen din.

Brevgiro

-  Dei nye fakturablankettane kan ikkje nyttast som betaling via brevgiro

Viss du vil betale via brevgiro må du nytte ein tom bankgiroblankett, fylle ut naudsynt informasjon som du finn på den tilsendte faktura som:

  • beløp (kroner og øre)
  • kontonummer til betaler (ditt kontonummer)
  • betalt av (ditt namn)
  • betalt til
  • kundeinformasjon (KID)
  • til konto

og så sende den blanketten du har fylt ut til betaling via brevgiro.

Avtalegiro

Er du eksisterande AvtaleGirokunde, vil du merke overgangen til digitalisering av faktura med at og betalingsvarselet vert forsøkt sendt digitalt.

eFaktura

For deg som har avtale om eFaktura inneber den nye løysinga ingen endring.

Faktura via Vipps

Mottar du vanlegvis faktura frå kommunen i postkassen din, vil du no kunne få faktura som Vippsfaktura.  Dette føreset at du nyttar deg av Vipps og at du har aktivert tenesta Vipps faktura. I tillegg må du vere registert i vår kunderegister med eit gyldig mobiltelefonnummer.

Faktura i Digipost / eBoks

Mottar du vanlegvis faktura frå kommunen i postkassen din, vil du no kunne få faktura i den digitale postkassen din. Dette føreset at du har oppretta ein digital postkasse.

Faktura som vedlegg i ein e-post

Mottar du vanlegvis faktura frå kommunen i postkassen din, vil du no kunne få faktura som vedlegg i ein e-post frå Masfjorden kommune. Dette føreset at du er registert i vårt kunderegister med ei gyldig e-postadresse.

 

 

Tekst: Anne Kristin Rafoss, rådgjevar


Sist oppdatert: 31.01.2019
Publisert: 22.01.2019