HeimNyhendeMasfjorden kommune på 17.plass av alle kommunar

Masfjorden kommune på 17.plass av alle kommunar

Onsdag 17.august vart rapporten «Norges best styrte kommuner – kommuneindeksen 2022» offentleggjort. Rapporten samanliknar kostnader, tenestekvalitet og finanssituasjon i alle landets 356 kommunar.

Masfjorden kom på ein god 17. plass.

Rapporten er lagt fram av Agenda Kaupang, og vart lagt fram på Arendalsuka. 
I følgje rapporten er det ingen klare kjenneteikn på dei beste kommunane, både små og store kommunar har fått topplasseringar. Rapporten konkluderer då med at:

  • Det er liten/ingen samanheng mellom kostnader og kvalitet
  • Det er liten/ingen samanheng mellom kommunestorleik og kvalitet
  • Det er liten samanheng mellom inntektsnivå og finansar

 

Lenke til rapport: Norges best styrte kommuner 2022 | Agenda Kaupang

 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 19.08.2022