HjemNyhendeMasfjorden har fått sandvollyballbane

Masfjorden har fått sandvollyballbane

Oversiktsbilete av bana

I området rundt bana er det også klatrestativ, basketstativ, dissestativ og eit fotballmål. Det er også lagt til rette med ein grill og fleire benkar som kan nyttast. Me håpar dette er noko som fell i smak for mange og at bana vert brukt flittig i løpet av sommarsesongen. På vinteren vert bana tildekka for å bevara anlegget best mogleg.

Ein må ta med eigen volleyball til bana. Viss du ikkje har dette, så har nærbutikken på Kvingo både volleyball til sal og utleige i opningstida. Overskot frå dette går til vedlikehald av bana.

På bana er det oppført nokre enkle reglar som ein ber om blir fylgde: Reglar for bruk av bana

Det er også oppretta ei facebook-gruppe som heiter “Skolten Sandvolleyballbana”. Følg sida så kan ein få relevante oppdateringar om bana.

Me kjem tilbake med meir info om ei offisiell opning etterkvart som korona-restriksjonar gjer dette mogleg.

Om nokon ynskjer å gje eit bidrag til utgifter/vedlikehald av bana kan dette gjerast til VIPPSnummer 608266. Me set pris på alle bidrag.

Ved eventuelle spørsmål kan ein ta kontakt med
Sveinung Tveit Mjanger på tlf.nr 41218155 eller Kristian Skjelanger Kvinge på tlf.nr 97704682.

Initiativtakarane Kristian Skjelanger Kvinge og Sveinung Tveit Mjanger.

Me ynskjer å takka sponsorane som har bidratt for å få dette til:
Økonomiske midlar:
Norske spelemidlar
Kvinge Helselag
Frode Haugsvær Maskin AS
Masfjorden Kommune

Utstyr/maskiner:
Atle Fjellby
Kjetil Fjellby
Harald Mjanger
Jan Ove Tepstad Kvingedal
Svein Gunnar Sivertsen
Sondre Mjanger



Tekst: Kristian Skjelanger Kvinge og Sveinung Tveit Mjanger
Foto: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 29.05.2020