HeimNyhendeMange tilhøyrarar på kommunestyremøtet med temasamlinga om vindkraft

Mange tilhøyrarar på kommunestyremøtet med temasamlinga om vindkraft

Helene Ødvin, dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag held foredrag

Torsdag 9. mai var det kommunestyremøte på kommunehuset på Sandnes. I samband med møtet vart det halde ein temasekvens om vindkraft, som ein del av saka om den nasjonale høyringa om rammeplan for vindkraft på land.

Det var svært mange tilhøyrarar, som i tillegg til kommunestyrerepresentantane fekk  høyrd på innlegg, og kor kommunestyrerepresentantane fekk høve til å stilla spørsmål til dei ulike foredragshaldarane. Følgjande hadde innlegg:

  • BKK v/Olav Osvoll, adm.dir BKK Produksjon AS
  • Norsk vind v/Espen Borgir Christophersen, prosjektutviklar - Norsk Vind Energi AS.
  • Bergen og Hordaland Turlag v/dagleg leiar Helene Ødvin.
  • Samfunnsøkonom og professor emeritus i energiøkonomi ved NHH, Einar Hope.
  • Ordførar Wenche Tislevoll, Fitjar kommune og leiar Landssamanslutninga av vindkraftkommunar (LNVK)

Det vart og vist ein film frå fjellområda i og rundt Matre, med intervju av engasjerte ungdomar og andre personar i bygda.

Kommunestyret drøfta etter samlinga den nasjonale vindkraftplanen og  den vidare prosessen til høyringssaka.

Det vart til slutt oppnemnd ei politisk gruppe med representantar frå alle parti, som fekk mandat til å arbeida fram eit høyringsdokument.

Mange tilhørarar i kommunestyresalen



Tekst og foto: Sveinung Toft


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 10.05.2019