HeimNyhendeManfred runda 100

Manfred runda 100

Manfred saman med ordførarenOrdføraren gjorde stas på jubilanten med blomar og diktopplesing på den store dagen.

Grunna korona-situasjonen vart det ei noko amputert feiring, og den vesle festlyden haldt god avstand til kvarandre under seansen heime i stova på Sør-Kvingo. Likevel såg ikkje dette ut til å leggja ein dempar på humøret til jubilanten. For det gode humøret har alltid kjenneteikna Manfred. Han har skapt liv og leven med sine gode historiar, si livsglede, sine kommentarar, toradaren og sine stunt der han spelar toradar - med vottar!

-Eg har med vitseforteljingsboka di, seier ordføraren og gir boka til Manfred .- Den låg att etter deg sist du var innom dagsamlinga på sjukeheimen. -Eg er visst begynt å bli gamal og gløymsk, svarar Manfred. Og dei ler begge.

Høyrselen til jubilanten er ikkje lenger slik han eingong var, men praten går om gamle dagar, og om arbeidsliv som blikkenslagar i Bergen. Og sjølvsagt blir det servert kake.

Jubilanten har motteke kort frå kongen. Tidlegare på dagen har han vore på Skype med barn, barnebarn og oldebarn. Dei ser alle fram til besøk og ei skikkeleg feiring når ting normaliserer seg igjen etter korona.

Masfjorden kommune gratulerer jubilanten!

Å vere i livet

av Haldis Moren Vesaas

Dette: å vere i livet, open for alt ikring,
bunden med sterke røter til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik,
var det som ga meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.
 

 

Tekst: Frank Kvinge
Foto: Anne Kvinge Tvedt


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 01.04.2020