HeimNyhendeLysanlegg i Hostelands-tunnelen startar opp natt til 14. desember

Lysanlegg i Hostelands-tunnelen startar opp natt til 14. desember

Statens vegvesen v/ Svein Rune Vie melder om følgjande framdrift:

Lysboltar kjem først

  • Boring av boltar for lysarmatur vil starte natt til 14. desember og halde fram ca. 2 netter. Arbeidet vert utført av Mesta AS.

Deretter kjem lysanlegget:
Arbeid vil verta utført av BMO elektro og arbeidet er forventa til å ta ca. 3-4 veker. Arbeid vil gå føre seg på dagtid med styrt trafikk-avvikling gjennom tunnel. Kolonnetider vil bli annonsert på  www.175.no

  • Det er bestilt lysarmatur og elektrisk materiell, blir levert i januar
  • Det er bestilt el-tavle, blir levert i januar/februar.
  • Nettselskap (BKK) planlegg framføring av straum til tunnelen, Endeleg framdriftsplan på dette arbeidet er ikkje avklart endå.

Oppstart montering av lysanlegg  vil starte når utstyr er på plass, forhåpentlegvis i månadsskifte januar/februar. Anlegg vert spenningssett når BKK har fått lagt fram straum.

Det kan bli endringar i oppstart ved eventuelle forseinkingar.

 

Tekst: Statens vegvesen


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 12.12.2020