HeimNyhendeLedige stillingar som rettleiar ved NAV Masfjorden og rektor ved Nordbygda skule

Ledige stillingar som rettleiar ved NAV Masfjorden og rektor ved Nordbygda skule

Rettleiar – NAV Masfjorden

Det er ledig fast stilling i 60% som rettleiar. Det er også for tida ledig vikariat i 40% stilling. Arbeidet består i oppfølging av søkjarar etter Lov om Sosiale tenester i NAV.

Ved NAV Masfjorden er vi i dag 4,5 tilsette på kommunal side som tener kommunane Gulen, Masfjorden , Modalen, Austrheim og Fedje med om lag 7 800 innbyggarar. Det er prosess for samanslåing av NAV kontora i alle 5 kommunane på statleg side så vel som på kommunal. Dette vil kunne medføre at arbeidsstad blir endra og at ein må pårekna ein del reising i jobben. Dette er eit kontor som er i endring pga samanslåing av 5 små kontor, og du som tilsett vil vere med å utvikle kontoret - vi treng deg i dette arbeidet!

Søknadsfristen er 11.05.2019

Fullstendig utlysingstekst for stillinga finn du på: ansattportal.sing.no

Rektor ved Nordbygda skule

Nordbygda skule er ein 1-10 skule med 98 elevar skuleåret 2018-2019. Det er 26 tilsette ved skulen, av dei er 17 pedagogisk personale. Administrasjonsressursen på 112 % er delt på rektor og inspektør (82/30). Skulen har kontormedarbeidar i 60 % stilling. Rektor har oppvekstleiar som næraste overordna. Tre rektorar utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor vil òg ha eit samarbeid med styrar i Nordbygda barnehage.

Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi ved Nordbygda skule og SFO. Satsingsområda i 2018-19 er godt skulemiljø for alle, tilpassa opplæring med vekt på læringsmål, digital kompetanse, ny læreplan bl. a. djupnelæring.

Søknadsfrist er 19.05.2019

Fullstendig utlysingstekst for stillinga finn du på: ansattportal.sing.no

 

 

Tekst: Maud Sleire Holmaas, personalkonsulent


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 29.04.2019