HjemNyhendeKven har rett til tilbod i barnehage og skule?

Kven har rett til tilbod i barnehage og skule?

Vi er inne i ei spesiell tid, og har stengt alle skular og barnehagar frå 12. mars. Likevel gir vi eit tilbod til barn av personell i kritiske definerte samfunnsfunksjonar.

Dersom begge føresette har arbeid med ein samfunnskritisk funksjon, eller du er
eineforsørgjar med eit slikt arbeid, har du rett til å ha barna i barnehage og skule.
Har du barn med særskilde omsorgsbehov, som ikkje kan ivaretakast når barnehage og skule er stengt, kan du også ha rett til eit tilbod.

Korleis går du fram?

Foreldre som kvalifiserer for å ha barn i eit tilbod i barnehage eller skule, må ta
kontakt med styrar eller rektor der barnet går på skule/barnehage.

Kva er samfunnskritiske funksjonar?

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-sikkerheit i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerheit
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotek

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap definerer kva funksjonar i samfunnet som er kritiske.

Kva er særskilde omsorgsbehov?

Dette gjeld barn og elevar med særskilde omsorgsbehov. Ta kontakt med styrar eller rektor om du er usikker om dette gjeld ditt barn.

Om tilbodet

Barnehage: Omsorgstilbodet skal gå føre seg innanfor barnehagen si ordinære
opningstid.
Skule: Omsorgstilbodet for småtrinnet skal gå føre seg innanfor skule og SFO si
ordinære opningstid.

Intensjonen med å stenge barnehagar og skular er å avgrense sosial kontakt mest mogeleg og dermed smitterisiko. Vi oppmodar om redusert sosialt samvær for å minimere smitte.

 

Tekst: Rita Ludvigsen, oppvektstleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 16.03.2020