HjemNyhendeKurs om arbeid og psykisk helse

Kurs om arbeid og psykisk helse

NAV i Nordhordland arrangerer frukostmøte/ kurs i samarbeid med Nordhordland Næringshage og Nordhordland Næringslag.

Tid og stad: Torsdag 12. mars 2020 klokka 9-12.00 på Vidsyn, Sløvåg

Tema er arbeid og psykisk helse. Å delta i arbeidslivet er viktig for den psykiske helsa.

Målet er å bidra til auka kunnskap om korleis psykiske helseproblem kan påverke arbeidsevna,  samt å styrke kunnskapen om gode grep på jobb som bidreg til auka jobbmestring.

Det overordna målet er å bidra til auka inkludering og hindre utstøyting frå arbeidslivet.

NAV Arbeidslivssenter vil stå for det faglege innhaldet og møtet er lagt opp som eit kurs på 3 timer, med to pausar på 10. min. kvar.

For å best nytte av kurset, er det ein fordel om også ein tillitsvald og/eller verneombod deltar saman med leiar på kurset.

Påmeldingslenke (nav.no)

 

Tekst: Anne- Lise Wilkensen, NAV Region Nordhordland


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 05.03.2020