HeimNyhendeKunngjering om godkjent kommuneplan for Masfjorden – arealdelen for 2018 - 2030

Kunngjering om godkjent kommuneplan for Masfjorden – arealdelen for 2018 - 2030

Kommunestyret i Masfjorden godkjente i sak 021/19 den 9. mai 2019 kommuneplanen sin arealdel for 2018-2030, med planid 1266-20160004.

Arealdelen er utarbeidd etter ei vurdering av innspel, innkomne merknadar og i høve til strategiane i den vedtekne samfunnsdelen og politiske vedtak. Alle plandokumenta (planskildring, føresegner og plankart) er datert den 13. mai 2019.

Kommuneplanen fastset framtidig arealbruk i Masfjorden, og er med kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, og for utviding av eksisterande tiltak som er nemnt i plan- og bygningslova sin § 1-6. Tiltak etter § 1-6 må ikkje vera i strid med planen sitt arealføremål og reglar gjeve i føresegnene til planen.

Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova si § 11-15. Kommunestyret sitt vedtak om kommuneplan kan ikkje klagast på, jf. plan- og bygningslova § 11-15.

Dei  sentrale plandokumenta finn du i lenkene under som pdf-dokument. Kommuneplanen er og tilgjengeleg på www.nordhordlandskart.no sitt planregister.

Føresegner

Planskildring

Plankart

Saksutgreiing


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 22.05.2019