HjemNyhendeKunngjering om oppstart med kommunedelplan for energi og klima for Masfjorden kommune 2021 - 2033

Kunngjering om oppstart med kommunedelplan for energi og klima for Masfjorden kommune 2021 - 2033

Formannskapet i Masfjorden kommune vedtok i møte den 02.09.2021 i medhald av plan- og bygningslova sin § 11-12 oppstart av arbeidet med kommunedelplan for energi og klima for Masfjorden kommune for 2021 - 2033. Det vart og vedteke at framlegg til planprogram skal sendast på høyring i medhald av § 4-1 i same lov.

Planprogrammet gjer i korte trekk greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen og korleis kommunen legg til rette for medverknad i samband med sjølve planarbeidet. Ein skal og vurdera verknader for miljø og samfunn, og synleggjere ulike vegval/ alternativ i planarbeidet.

Framlegg til planprogram og saksframlegget til formannskapet:
Planprogramm (pdf)
Saksframlegg (pdf)

Kommunen ønskjer innspel til planarbeidet og til sjølve planprogrammet, og ber om at desse  vert sendt innan 05. november 2021 til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no.

Bruk gjerne elektronisk merknadsskjema (skjema.kf.no)

 

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 21.09.2021