HeimNyhendeKunngjering om oppstart av reguleringsplan for Storeskjeret på Sandnes

Kunngjering om oppstart av reguleringsplan for Storeskjeret på Sandnes

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 27. april i sak 033/2020 gjort vedtak i medhald av plan- og bygningslova § 12-8 om oppstart av reguleringsplan for Storeskjeret i Masfjorden kommune.

3D foto av reguleringsområdet

Hovudføremålet med planarbeidet er å sikre areal til ny daglegvarebutikk med naudsynt infrastruktur. Planarbeidet vil og ta for seg parkeringsløysing, tilkomst og opphald for småbåtar og sikring av grønstruktur/ friluftsområde med meir.

Noko av området er i kommuneplanen sin arealdel sett av til parkeringsareal og elles til LNF- føremål samt fleirbruksområde i sjø. Planavgrensinga er lagt med tanke på å sikre hovudføremålet med naudsynt infrastruktur, og for å få avklart den langsiktige arealbruken for sjølve Storeskjeret med tilgrensande areal på land og i sjø. Sentrale oppstartsdokument kan ein finna ved å gå inn på sak 20/371 på post innsyn på heimesida. Planarbeidet er vurdert til å ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Saksdokument i pdf-versjon:
Saksutgreiing
Plankart 1
Plankart 2

Kommunen ber om at eventuelle innspel til planoppstarten vert sendt innan 10. juni 2020 til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no. Elektronisk merknadsskjema er og å finna på Masfjorden kommune si heimeside.


Sist oppdatert: 12.05.2020
Publisert: 12.05.2020