HeimNyhendeKunngjering om offentleg ettersyn av reguleringsplan for Matre næringsområde

Kunngjering om offentleg ettersyn av reguleringsplan for Matre næringsområde

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 10.06.2020, sak 055/2020, gjort vedtak om å leggje framlegg til  reguleringsplan for Matre næringsområde gnr 52 bnr 10 m.fl. ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Reguleringsplanen har fått planid 4534-20200001, og erstattar deler av gjeldande områdeplan for Matre med plan id 1266-20060003.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for større næringsbygg/ datasenter inne på nærings- og industriområdet aust for E39 på Matre. Det  interne vegsystemet er difor føreslått lagt om for å leggje til rette for eit stort samla industri/næringsareal. Fotgjengarar får fortau langs endra tilkomstveg i planområdet og ny stad for kryssing av E39. Det er og sett av nytt areal til brannstasjon og eventuelt framtidig visningsbygg. Utnyttingsgraden er auka noko og byggehøgda er sett til inntil 16 meter på delar av området.

Det vert vist til planskildring, føresegner og plankart dagsett 26.05.2020 , samt tilhøyrande utgreiingar knytt til flaum, skred og støy og ROS-analyse for fleire detaljar. Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå 15. juni 2020 til 15. august 2020 på Masfjorden folkebibliotek, Matre filial og på kommunehuset.

Planomtale/ planskildring og andre sentrale plandokumenta finn du her i pdf-versjon:

Andre plandokument kan ein finna ved å gå inn på sak 20/234 på post innsyn frå heimesida til Masfjorden kommune.

Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan høyringsfristen den 15. august 2020 til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no.
På Masfjorden kommune si heimeside kan du bruke elektronisk søknadsskjema.


Sist oppdatert: 14.08.2020
Publisert: 14.08.2020