HeimNyhendeKunngjering av godkjent reguleringsplan for Risnes tomteområde

Kunngjering av godkjent reguleringsplan for Risnes tomteområde

I medhald av plan- og bygningslova sin § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte den 13.12.2018, k.sak 071/2018 har eigengodkjent reguleringsplan for Risnes tomteområdeved Dragseidet. I denne saka opprettheld kommunestyret tidlegare vedtak gjort i sak 004/2018 i møte den 22.02.2018. Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for hyttetomter og eit mindre bustadfelt innanfor planområdet.

Reguleringsplanen ligg også til gjennomsyn frå 28.01.2019 til 20.02.2019 i ekspedisjonen i kommunehuset på Masfjordnes:

Saksframlegg (pdf)
Foresegner (pdf)
Planskildring (pdf)
Reguleringsplankart (pdf)

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan klagast på,  av den som er part eller har rettsleg klageinteresse,  jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa.

Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no innan 20.02.2019.

 

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 31.01.2019
Publisert: 28.01.2019