HeimNyhendeKunngjering om godkjent reguleringsplan for Kvamme

Kunngjering om godkjent reguleringsplan for Kvamme

I medhald av plan- og bygningslova sin § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte den 11.02.2021,  i sak 007/2021 har godkjent reguleringsplan for Kvamme gnr 32 bnr 6 m.fl. Plan-id for reguleringsplanen er 4634-20200003.

Planforslaget legg opp til etablering av tre bustader på tidlegare utskilte tomter, fem utleigehytter, samt tilkomstveg, parkering for ålmenta, tursti, friområde, ferdigstilling av kai, og etablering av flytebrygge på 12 meter med plass til 4 småbåtar. Det er og lagt ut eit mindre naustområde for eitt naust.

Saksdokument i pdf:
Plankart dagsett 15.10.2020
Reguleringsføresegner dagsett 15.10.2020
Kommunestyresak 007/2021
Planskildring av 15.10.2020

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland og sendast til:  Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no, innan 19.03. 2021.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding  av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, som gjeld krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.


Sist oppdatert: 25.02.2021
Publisert: 25.02.2021