HeimNyhendeKunngjering om endring av reguleringsplan for Librotet - offentleg ettersyn

Kunngjering om endring av reguleringsplan for Librotet - offentleg ettersyn

Formannskapet har i sak 025/2020 i møte 31.03.2020 gjort vedtak om å sende framlegg til reguleringsendring av reguleringsplan for Librotet - med planid 20190001 - ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. (gjeldande reguleringsplan har plan id 126620090005). Planendringa legg opp til å endre tomteplassering, samt mindre justering av tilkomstveg. Vidare skal planarbeidet oppdatere gjeldande reguleringsplan i høve til naturfare og naturmangfald.

Det vert vist til vedlagde saksframlegg med vedtak, samt reviderte føresegner, kart og planskildring. Dokumenta vil også vere tilgjengeleg i tenestetorget på kommunehuset frå 1. juni.

Plandokumena i pdf-versjon:

Saksutgreiing
Planskildring
Reguleringsføresegner
Reguleringskart

Kommunen ber om at eventuelle merknader til reguleringsendringa vert sendt inn på elektronisk skjema frå kommunen si heimeside. Merknader kan også sendast skriftleg til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, innan 23.06.2020.


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 06.05.2020