HeimNyhendeKunngjering om oppstart av reguleringsplan for næringsområdet på Matre

Kunngjering om oppstart av reguleringsplan for næringsområdet på Matre

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-14, vert det varsla oppstart av
detaljregulering/reguleringsendring for Matre, gnr. 52 bnr. 10 m.fl. i Masfjorden kommune.

Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å revidere del av vedteken reguleringsplan for Matre planid: 126620060003 vedteken 03.02.2009 i Masfjorden kommune. Området er i kommuneplanens arealdel sett av til næringsverksemd, samferdsel og teknisk infrastruktur. Del av området er omfatta av sikringssone H120 for
grunnvassforsyning og faresone H310 ras- og skredfare.

I vedteken reguleringsplan for Matre er arealet regulert til ulike kombinerte byggeformål for næring, lager og industri, bustadområde, parkbelte i industriområde, høgspenningsanlegg og helikopterlandingsplass m.m, samt landbruksområde og trafikkområde. Planområdet er totalt ca 85 daa og har tilkomst frå E39 Sognevegen. Formålet med planarbeidet er ei omstrukturering av vegsystemet i næringsområdet og å legge til rette for nye større næringsbygg med tilhøyrande parkering og utomhusareal. Det vil som del av planarbeidet bli vurdert trafikale løysingar og flytting/riving for nokre av dei eksisterande bygga innanfor planområdet.

Omfanget av planendringa er ikkje vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing.

Tiltakshavar er Masfjorden kommune og plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

For nærare informasjon og spørsmål kan dette rettast til:
ABO Plan & Arkitektur AS
v/ Ola Klyve Dalland
e-post: ola@abo-ark.no
tlf: 56570070
mobil: 90021198

På heimesida: www.abo-ark.no - under aktuelt - reguleringsplanar er det tilgang til digitale kartutsnitt og utlysingsteksten.

Oversiktskart (pdf)
Plangrense m/høgdekoter (pdf)
Plangrense i ortofoto (pdf)

Frist for innspel og merknader

Frist for uttale til oppstart av planarbeidet er sett til 27.03.2020. Uttalar skal framsettast skriftleg og sendast til:
ABO Plan & Arkitektur AS
Postboks 291
5203 Os
eller e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av uttalar til Masfjorden kommune. Dette vil ABO Plan & Arkitektur AS ivareta i samband med innsending av planforslaget.

Vidare planprosess

Etter at frist for uttalar er gått ut, vil planforslaget verta utarbeida og handsama i Masfjorden kommune. Etter 1. gongs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då verta høve til å fremje innspel og merknader til planforslaget. Etter at perioden med offentleg ettersyn er avslutta vil ein gå gjennom innkomne innspel og merknader og evt. justering av planforslaget vil bli vurdert før 2. gongs handsaming i Masfjorden kommune.

 

Tekst: ABO Plan & Arkitektur AS, ved Ola Klyve Dalland.


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 24.02.2020