HeimNyhendeKunngjering av godkjent reguleringsplan for Storeskjeret

Kunngjering av godkjent reguleringsplan for Storeskjeret

I medhald av plan- og bygningslova sin § 12-12 vert det kunngjort at kommunestyret i Masfjorden i møte den 05.05.2022, i sak 027/2022 har eigengodkjent reguleringsplan for Storeskjeret i Masfjorden kommune, plan-id 4634-20200005.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny matbutikk/ forretning sør for  Storeskjeret på Sandnes. I 2 etasje vert det opna for kontor/ tenesteyting. Ny lokalisering er naudsynt sidan Sandnesbutikken må ut av det historiske butikklokalet nede på Sandneskaien. Planforslaget regulerer inn et større areal for kombinert formål med forretning/kontor.  Vidare er det regulert inn 14 parkeringsplassar, inkludert HC parkering, naust, småbåtanlegg, landbruksområde, areal til tankanlegg, fortau og mellombels gangveg frå oppstillingsplassen for bilar som ventar på ferja til Duesund.

Saksdokument i pdf:
Plankart
Planskildring
Risiko- og sårbarheitsanalyse
Føresegner

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa.
Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland og skal sendast til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no, innan 05.07.2022


Sist oppdatert: 10.06.2022
Publisert: 10.06.2022