Kunngjering av godkjent bustadpolitisk plan for Masfjorden kommune 2022 - 2032
Formålet med planen er å avklare kva for satsingsområde innan bustadbygging Masfjorden kommune skal arbeide med i planperioden, og den avklarar kva for bustadpolitiske verkemiddel kommunen har for å stimulere til sosial og anna bustadbygging.
Planen skal og vise kva for retning kommunen skal gå i bustadpolitikken, og kva ftiltak som skal vektleggast og prioriterast.
Planen har og med oversyn over kommunal bustader, og tilrå vidare bruk eller sal av dei det ikkje er bruk for, og vise behovet for nye bustader både for både dei som opererer i den vanlege marknaden, og for dei som treng sosial bustadbygging. Tiltaka som er lagt inn i plandokumentet skal innarbeidast i dei ulike einingane sine verksemdsplanar, og handsamast politisk og vurderast i samband med seinare budsjettprosessar.
Bustadpolitiskplan 2022 - 2032
Tekst: Sveinung Toft