HeimNyhendeKulturskulen opnar igjen måndag 27. april

Kulturskulen opnar igjen måndag 27. april

Dette gler me oss til

Landet vårt har greidd å redusera smittespreiinga av koronavirus gjennom ein felles dugnad der alle har bidrege. Når kulturskulen no opnar igjen, er det framleis behov for felles innsats der foreldre, elevar og tilsette saman bidreg til ei trygg og kontrollert gjenopning av skulen. Det vert innført ei rekke smitteverntiltak for å redusera risiko for smittespreiing, og de bidreg ved å følgja desse råda.

Smitteverntiltaka er basert på dei nasjonale retningslinene og er utarbeida i samarbeid med helsetenesta og grunnskulane i kommunen med tanke på at det er same elevar ein møter i grunn- og kulturskulen. Grunnskulane sender ut svært konkrete skildringar av korleis ein skal handtera smittevernreglane. I denne rettleiinga er det spesifikke for kulturskulen vektlagt.

Det viktigaste smitteverntiltaket er at du ikkje møter til undervisning dersom du er sjuk

Sjølv ved milde luftvegssymptom og sjukdom som feber, hoste, tung pust, hovudverk og slappheit skal både elevar og tilsette halda seg heime.

Rutinar i samband med undervisning

  • Vask hendene før du reiser heimanfrå.
  • Når du møter til undervisning går du direkte til det rommet undervisninga er på.
  • Du vaskar først hendene i lunka vatn og såpe i minst 20 sekund. Lærar vil visa deg kvar dette skjer.
  • Hugs hoste/nysehygiene!
  • Også handvask i samband med toalettbesøk og hosting/nysing.
  • Elev gir straks melding til lærar dersom vedkomande kjenner seg sjuk.
  • Foreldre skal helst ikkje bli med inn i undervisningsrommet.
  • Hald 2 m avstand
  • Grupper på meir enn fire elevar vert delt opp i mindre einingar. Dei dette gjeld får direkte melding frå lærar før komande veke, og kvar dei skal møta.
  • Elevar som får opplæring på gitar og messinginstrument nyttar sine eigne instrument i undervisninga. Messingelevar har klut som samlar opp væske frå spyttklaff.
  • Slagverkarar tek med eigne trommestikker.
  • Piano og andre instrument/anna utstyr som vert teke på vert reingjort med antibac av lærar mellom kvar brukar.
  • Elevane nyttar næraste toalett til undervisningsrom

Kor og korps

Det er og opna opp for at kor og korps kan ha fellesøvingar igjen. Øvingar kan gjennomførast med maksimalt 30 personar til stades og med to meter avstand mellom kvar person. Øvingslokalet må vera stort nok og dei same smitteverntiltaka gjeld her som for kulturskuleaktivitet (www.musikk.no)

Reinhald

Skulane vil ha forsterka reinhald på dei romma kulturskulen, kor og korps nyttar til undervisning. Dette gjeld toalett, vaskar, handtak, stolar, bordflater mm.

Transport

Ettersom det berre er 1.-4. klasse som er tilbake på skulen måndag 27.04 kan dette medføra ein del transportutfordringar for eldre elevar. Me ber om at de tek direkte kontakt med lærar dersom det ikkje let seg gjera å møta. Lærarane vil kunne halda fram med fjernundervisning for desse elevane til alle er tilbake i grunnskulen.

Kulturskulen kan også ei tid framover tilby fjernundervisning der føresette enno ikkje ønskjer å senda elevane til kulturskuleundervisning. Også her tek de direkte kontakt med lærar.

Kontakt

Har du spørsmål om andre praktiske ting ved oppstart kontakt rektor eller kulturskulelæraren din.

Har du spørsmål om helse kontakt fastlegen din.
Du finn og meir informasjon om koronavirus på Masfjorden kommune si heimeside.

 

 

Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor/fagleiar kultur


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 24.04.2020