HeimNyhendeKulturskulen etter påske

Kulturskulen etter påske

Dette gjeld også Masfjorden kulturskule.

Når startar ein opp med ordinær kulturskuleundervisning igjen?

Dette veit me ikkje pr. i dag.

Eit alternativ er at kulturskulen følgjer grunnskulen si opning av undervisning.
Det me veit er at frå 27. april opnar grunnskulane opp for vanleg undervisning på skulen for 1.-4. klasse. Ambisjonen er at alle grunnskuleelevar skal tilbake på skulen på ein eller annan måte før sommaren.

Eit anna alternativ er å venta med kulturskuleopning til alle elevar i kommunen er tilbake i grunnskulen. Frå sentralt hald (Norsk kulturskuleråd) vert det i dag oppmoda om å gjera det slik.

Me kjem tilbake med informasjon om dette når me veit meir.

Kulturskulerektor- og lærarar vil i samråd med skulane nytta tida fram til opning til å utarbeida gode tiltak ved oppstart ( smittetryggleik, hygiene, gruppesamansetjingar mm).

Kultur- og idrettsarrangement

Forbodet mot kultur- og idrettsarrangement - som ikkje fylgjer grunnleggjande krav til smittevern - gjeld fram til 15. juni. For kulturskulen inneber dette i praksis at alle konsertar og oppdrag for resten av skuleåret går ut.

Heimeundervisning

Kulturskulen, både elevar og lærarar, har blanda erfaringar med «fjerntilbodet» som vart gjeve i vekene før påske. Kulturskulen vil prøva å kvalitetssikra og utvikla dette tilbodet så godt som det let seg gjera.

Den einskilde lærar vil over påske ta direkte kontakt med sine elevar for vidareføring av «fjernundervisninga».

Ta kontakt dersom de har spørsmål!

God påske til dykk alle!



Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor/ fagleiar kultur


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 08.04.2020