HjemNyhendeKulturprisen til Magne Helge Sleire

Kulturprisen til Magne Helge Sleire

Ordføraren og kulturprisvinnaren t.v. med diplom og blomebukett

Overrekkinga fann stad på Sandneskaféen i forkant av kommunestyremøtet torsdag 10. september og det var ordførar Karstein Totland som sto for overrekkinga.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det mellom anna:
"Prisvinnaren har eit unikt engasjement for det han arbeider med. Han har ei lang karriere bak seg som filmskapar, med base her i Masfjorden. I løpet av åra han har jobba som filmskapar har han laga over 30  dokumentarfilmar og det er av desse berre to som ikkje har blitt vist på fjernsyn. Totalt har filmane hatt omkring 15 millionar sjåarar, og to av filmane han har produsert har vore nominert til Gullruten. I tillegg til dette er han også ein aktiv naturvernar, og har bidrege til å bevare naturmangfaldet i kommunen gjennom registrering, vern og merking av fugl, og fisk, samt hatt eit aktivt politisk engasjement knytt til vern av natur og miljø. Mange av filmane hans har nettopp dette som agenda, vern av natur som er så viktig for kommunen vår.

I kampen for vern av natur og miljø kan nok prisvinnaren opplevast provoserande for mange i sitt arbeid  og engasjement, og på den måten gjera seg upopulær og skaffa seg fiendar på sin veg.  Likevel veit me at det ofte er provokasjon  som må til for å få merksemd kring viktige saker, og at det krevst mot å ta kampen opp mot dei mektige kreftene i samfunnet, og deira agendaer.

Med denne prisen vil me først og fremst hylla prisvinnaren for den gode Masfjord-reklamen han gjennom mange år har stått for. Fleire av filmane har vore filma i, og har hatt hovudpersonar frå Masfjorden eller områda rundt, som t.d. Odelsgutane, Stjernestunder, Fiskarbonden og dokumentasjonsfilmen om Kvamsdals fargeri. Dette har vore god reklame for kommunen vår, samt bidrege til å setja søkelys på viktige tema knytt til vår kulturarv.

Og i vår, då koronaen sette sitt preg på 17. maifeiringa redigerte han  Masfjord-filmen, basert på innsendt  filmmateriale frå innbyggjarane i kommunen.

Prisvinnaren ivrar for å ta vare på kulturlandskapet og har også dei siste åra sett i stand husmannsplassen på Sleirsholmen."

Prisvinnaren var svært overraska over tildelinga og takka for at det arbeidet han legg ned vert verdsett av andre på ein slik måte.

Det er formannskapet som kvart år peikar ut kulturprisvinnar basert på innkomne framlegg.

Masfjorden kommune gratulerer Magne Helge Sleire med Kulturprisen 2020.

 

Tekst og foto: Masfjorden kommune


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.09.2020