HjemNyhendeKulturprisen 2022

Kulturprisen 2022

Alf er børsemakar, kona Anke er våpengravør. Men for sambygdingane er dei endå mykje meir:

Alf har gjennom åra jobba blant anna som lærar, vore aktiv i heimevernet, gjort frivillig arbeid og saman med kona Anke bidrege i kyrkjelege tilstellingar. Anke på si side arbeider som kulturskulelærar og skuleelevane har lært mykje av all hennar kreativitet.

Alf og Anke Helland fekk Kulturprisen 2022

Det som først og fremst har fått Alf på kandidatlista er det kulturhistoriske arbeidet han har gjort; rekonstruksjonen av ei vindrifle, Girardonirifla. Han har vist at det umoglege kan bli mogleg, og der det i utgangspunktet ikkje fanst grunnlag for å lukkast har han hatt kunnskap og tolmod nok til å få det til.

Alf har med dette prosjektet hausta prisar og mykje heiderleg omtale utanfor Masfjorden. Og no vart altså han og Anke heidra av heimkommunen med Kulturprisen 2022.

Heile grunngjevinga for kulturprisvinnarane kan du lesa her (pdf)




Tekst: Sigrun Haugsdal Reknes
Foto:  Mary Hope


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 17.06.2022