Kraftleidningen frå Modalen til Mongstad er snart driftsklar
Kraftleidningen med tilhøyrande anlegg går frå Steinsland i Modalen til Mongstad.
Steinsland koplingsstasjon vart sett i drift allereie i slutten av august. 20. november 2019 skal det etter planen setjast spenning på 420 kV kraftleidningen mellom Steinsland og Haugsvær, inklusive transformatorstasjonen på Haugsvær. Resten av anlegga er planlagt sette i drift 2. og 3. desember 2019. Det gjeld ny 420 kV kraftleidning mellom Haugsvær og Lindås inkludert sjøkablane over Fensfjorden. I tillegg kjem ny 132 kV kraftleidning mellom Matre og Haugsvær.
Etter at anlegga er sette i drift, vil det stå att noko arbeid med istandsetjing og rydding nokre stader langs kraftleidningstraséen og på stasjonsområda. Dette arbeidet vil skje første halvår 2020.
Tekst: Lars Røise, prosjektleiar Modalen-Mongstad