HeimNyhendeKraftleidningen Modalen-Mongstad ferdig før jul

Kraftleidningen Modalen-Mongstad ferdig før jul

Etter planen skal kraftleidningen vera ferdig bygt før jul i år. Attståande arbeid på sjølve kraftleidningen er i hovudsak å strekkja linene mellom dam Svartavatnet og transformatorstasjonen i Haugsværdalen.

På grunn av store nedbørsmengder og mange periodar med lågt skydekke dei siste vekene er framdrifta forseinka. Me vil så langt råd er unngå anleggsarbeid  på søndagar, men for å halda tidsfristen og få strekkinga av linene fullført før vinteren kjem i fjellet, må me i haust la entreprenøren utføra strekkjearbeidet på dei dagane der veret tillèt det. Det må påreknast helikoptertrafikk og bruk av eksplosjonsarmaturar på dei dagane arbeidet pågår.
 
BKK Nett vil senda ny melding når arbeidet er fullført.




Tekst: Per Ivar Tautra
Delprosjektleiar arealbruk og løyve
420 kV kraftleidning Modalen-Mongstad


Sist oppdatert: 06.09.2019
Publisert: 06.09.2019