HeimNyhendeOppdatering om koronavaksinasjon for veke 16 og 17

Oppdatering om koronavaksinasjon for veke 16 og 17

I veke 17 mottar kommunen ca. 70 dosar av Pfeizervaksina, der ca. 30 av dei går til revaksinering. Då reknar me med at alle over 67 år som ynskjer vaksine er vaksinert, i tillegg til alle med høgrisiko.

Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit dessverre berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland. Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.

 

Tekst: Malin Daae Steine, leiar helseavdelinga


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 21.04.2021