HjemNyhendeDet vert koronavaksinering i gamle legekontoret på Nordbygda onsdag den 12., 19. og 26. januar

Det vert koronavaksinering i gamle legekontoret på Nordbygda onsdag den 12., 19. og 26. januar

Dei aller fleste over 65 år har no fått 3. dose med koronavaksine, me er meir enn halvferdige med gruppa over 45 år, og me er kome godt i gang med gruppa over 18 år. 

Du kan sjå statistikken her: FHI SYSVAK statistikkbank (statistikk.fhi.no)

Det vert koronavaksinering i gamle legekontoret på Nordbygda:

  • Onsdag 12. januar 2022 kl. 14.00 - 16.00
  • Onsdag 19. januar 2022 kl. 16.00 - 18.00
  • Onsdag 26. januar 2022 kl. 16.00 - 18.00

Alle over 18 år kan få 3. vaksinedose dersom det er gått 20 veker etter 2. vaksinedose. Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.

Viktig informasjon: Du får ikkje innkalling til 3. dose slik du fekk til 1. og 2. dose. Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis.

FHI tilrår også gravide i aldersgruppa 18-44 år å ta oppfriskingsdose i andre og tredje trimester, og i første trimester dersom dei har annan tilleggsrisiko. Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

Er du usikker på når du fekk dose to kan du logge inn på Helse Norge og sjå når du fekk dose to, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.

 

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgssjef


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 07.01.2022