HjemNyhendeStatus for koronavaksinasjon i Masfjorden (veke 14)

Status for koronavaksinasjon i Masfjorden (veke 14)

I veke 15 får me om lag 50-60 Pfizer vaksiner til kommunen. Me forventar då at alle over 72 år vil ha fått tilbod om første vaksinedose.

Alle skal ha to dosar Pfizer vaksine. Folkehelseinstituttet anbefaler no eit  intervall på 6 veker mellom første og andre dose med Pfizer vaksine. Når du får 1. vaksinedose får du samstundes timeavtale for 2. dose.

Kommunen må følgje Folkehelseinstituttet sine anbefalingar for kven me skal vaksinere og i kva rekkjefølge den einskilde skal prioriterast. Tilgangen på vaksiner avgjer kor fort me kan tilby innbyggarane vaksine. Dette har variert frå veke til veke. Me veit dessverre berre kva me får av vaksiner 1-2 veker fram i tid, dette medfører at det er vanskeleg å sei kor tid dei ulike aldersgruppene vil få tilbod. I tillegg vil kommunar med lite smitte få litt mindre vaksiner, slik at kommunar med større smittepress får meir.

Legekontoret i Masfjorden vil ta kontakt med den enkelte innbyggar som står for tur for vaksinering. Dersom du har fastlege i ein annan kommune og er under 65 år er det ynskjeleg at du avklarar med fastlegen din om du er i risikogruppa. Ta då kontakt med Masfjorden legekontor som vil sette deg på vaksinasjonslista etter prioritering.

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet Norge, Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI (fhi.no)


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 07.04.2021