HjemNyhendeOppdatering om påvist koronasmitte i Masfjorden

Oppdatering om påvist koronasmitte i Masfjorden

Helsetenesta sette då i gong smittesporing og varsling av nærkontaktar. Aktuelle nærkontaktar er i karantene, og vart testa for korona torsdag 20. og fredag 21.august. Så langt er det ikkje avdekka nye smitta.  

Masfjorden kommune minner om dei generelle førebyggjande smittevernråda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom. 

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

Kva er smittekarantene?

Du kan vere smitta utan å ha symptom. Hensikta med karantene er å ikkje smitte andre før du sjølv utviklar symptom. Når du er i smittekarantene skal du halde deg i eigen heim, eller anna bustad, der du ikkje kjem i nærkontakt med andre enn dei du bur saman med til vanleg. Du kan vere ute, og kan gå på tur, men hald god avstand til andre.  Du kan ikkje gå på jobb eller skule, ikkje reise langt , og ikkje ta offentleg transport. Du bør prøve å unngå å gå i butikken, og få andre til å handle for deg. Det er viktig å vere merksam på symptom som feber eller irritasjon i luftvegane, og då ta kontakt med legekontoret for koronatest.


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.08.2020