HeimNyhendeKoronasituasjonen pr. 3. januar 2022

Koronasituasjonen pr. 3. januar 2022

Både Sørsida, Nordsida og Indrefjorden har innbyggjarar som har testa positivt på sjølvtest.  Det vert sendt PCR-test av desse til laboratorie for endeleg stadfesting. Nokon av dei som har testa positivt har kontakt inn mot sjukeheimen. Sjukeheimen er difor stengt for besøkjande, og det vert gjennomført testing av alle bebuarane og alle tilsette som kjem på arbeid.

Me oppmodar innbyggjarane om å vera særleg merksame på symptom, og ta sjølvtest om du kjenner symptom på luftvegane. Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.

Me vil koma attende med meir informasjon når me har betre oversikt over situasjonen.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 03.01.2022