HjemNyhendeKoronasituasjonen pr. 12. januar 2022

Koronasituasjonen pr. 12. januar 2022

Sidan nyttår er det påvist smitte hjå tre bebuarar og tre tilsette ved sjukeheimen. Det er ikkje funne samanhengar mellom dei påviste smittetilfella. Dei som er smitta har berre lette symptom på koronasjukdom.

Kommunen har sett i verk tiltak for å avgrensa smitten ved å isolera dei som er smitta. Det er også sett inn ekstra bemanning for å unngå at tilsette flyttar seg mellom avdelingar. For å få dette til får sjukeheimen hjelp frå tilsette i heimetenesta. Dette gjer at me i ein periode kan måtte redusere noko på tilbodet om praktisk bistand til heimebuande. Dersom det vert reduksjon i tilbodet vil aktuelle brukarar få melding.

Sjukeheimen er stengt for besøkjande, og det vert også denne veka gjennomført testing av alle bebuarane og alle tilsette som kjem på arbeid.

Me oppmodar innbyggjarane om å vera særleg merksame på symptom, og ta sjølvtest om du kjenner symptom frå luftvegane. Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene og ver heime ved luftvegssymptom.  

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 12.01.2022